Rikt storverk om kvinneliv gjennom fire generasjonar
Hilda blir fødd i 1905 og veks opp på garden Sorola i Österbotten, i ei tid der Finland er prega av uår og krig. Mor fekk stiresjuka etter fødselen og er bortanfor alt. Far er i Amerika. Men Hilda er ikkje einsam, ho har katten Kisuli og eldgamle, gudfryktige Sanna-täti som tar hand om alt.
Då Hilda blir større, hamnar ho i ulykka og må reise frå tryggleiken heime for å gå i teneste på ein annan gard. Det er tungt arbeid frå morgon til kveld, fritid kan ho sjå langt etter, og ho kjenner arbeidet på kroppen sjølv om ho enno ikkje er fylt tjue. På garden er også Helli, som blir hennar beste ven. Helli forstår ikkje kvifor nokon må slite så hardt for andre, og tar med seg Hilda til Vasa, til den oransjefarga bomullsfabrikken og ein lovnad om eit anna liv.
Bomullsengelen er første bok i ein kraftfull kvartett om liv, arbeid og lengt for kvinner i Finland og Sverige på 1900-talet. Dette er ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.
Frå svensk ved Runa Kvalsund.
Åtkomstkoder och digitalt tilläggsmaterial garanteras inte med begagnade böcker
Mer om Bomullsengelen : roman (2024)
2024 släpptes boken Bomullsengelen : roman skriven av Susanna Alakoski, Runa Kvalsund. Det är den 2a upplagan av kursboken. Den är skriven på nynorska och består av 509 sidor. Förlaget bakom boken är Samlaget.
Köp boken Bomullsengelen : roman på Studentapan och spara pengar.
Referera till Bomullsengelen : roman (Upplaga 2)
Harvard
Alakoski, S. & Kvalsund, R. (2024). Bomullsengelen : roman. 2:a uppl. Samlaget.